Handle på Vossashop

Frakt og leveranse
Me pakker og sender varene dine innan 24 timar etter at du har bestilt. Alle pakkene blir sendt med Posten. Leveringstida vil sjølvsagt difor vere avhengig av at Posten gjer jobben sin, men pakkene bør vere hjå deg innan 3 - 5 virkedagar. Alle bestillingar gjort etter klokka 12 på fredagar, blir sendt mandag. Dersom du vel å hente varene i butikken, vil du få beskjed om når pakka di er klar for henting. Dette tek sjeldan meir enn 2 dagar. Frakt og ekspedisjonsgebyr hjå oss kostar kr 49,- uansett kor mykje du bestiller.

Sikkerheit og betaling
Når du handlar hjå oss med kredittkort, vert betalinga behandla sikkert av BBS. Dette er ei sikker betalingsløysning som handterer Visa og MasterCard. Når me samlar inn opplysningar om kortet du betaler med, vert ikkje desse lagra på serveren vår. Betalinga skjer direkte til BBS sin server, og derfor er det heller ikkje behov for slik lagring. All innsamling av kortdetaljar og personopplysningane dine er sikra med 3D Secure kryptering, som gir oss den sikraste betalingsløysninga som finst. Når du sender data frå PC-en din, er det ingen som kan lese denne informasjonen utanom oss.

Retur og reklamasjon
Skulle det skje at du får ei vare som ikkje lev opp til forventningane dine, så gir me full returrett innan 14 dagar, i samsvar med angrerettslova og med rett til å få pengar tilbake. Vara må være i same stand som då du kjøpte ho: ubrukt, uvaska og med lappane på. Fyll ut vedlagt angrerettsskjema og legg ved ein kopi av fakturaen. Fraktomkostningar dekkes av kunden, retur må difor ikkje sendast i postoppkrav til oss. Så snart me har motteke vara, vert beløpet innbetalt på kortet du betalte varene med. Dette skjer automatisk gjennom BBS, så kontonummer er ikkje nødvendig. Ynskjer du å byte vara i ein annan storleik eller ei anna vare, så oppgje informasjon om kva vare du ynskjer å byte til i returpakka di, eller send oss ein e-post på førehand. Me tek atterhald om utselde varer, du vert då kontakta av oss for å løyse dette anten ved pengar tilbake eller byte i ei vare som er på lager. Som kjøpar er du plikta til å betale returkostnadene for å sende vara du vil byte til oss, men me betaler portoen for å sende den nye vara til deg.

Bestilling og ordrebekreftelse
Når du handlar hjå oss, vil du umiddelbart få ein ordrebekreftelse på e-post etter at du har gjennomført bestillinga. Når me har pakka og sendt vara di, vil du få beskjed om dette. Dersom du har valt at du skal hente varene i butikken, vil du få beskjed på e-post når varene er klare. Me tek atterhald om at det kan vere utseld for ei vare sjølv om ho er merka som på lager i nettbutikken. Du vert då kontakta av oss for å løyse dette anten ved pengar tilbake eller byte i ei vare som er på lager.