• Bilde av Overnatting på Myrkdalen Hotel

    Foto: Frøydis Asp Områsen

Overnatting på Myrkdalen Hotel

Myrkdalen Hotel er eit flott utgangspunkt for opplevingar, uansett årstid!

Myrkdalen Fjellandsby passar for skientusiastar på alle nivå, med åtte heisar og 21 løyper, skiskule, preparterte langrennsløyper og gode forhold for både topptur og fjelltur. På sommarstid er det flotte turmoglegheiter rett utanfor døra, og berre ein liten køyretur frå det Voss kan tilby av aktivitetar. 

KR. 500,-


Myrkdalen Hotel er inspirert av naturen rundt. Går du inn vil du oppleva ei behageleg og frisk atmosfære. Sjå ut det eine vindauge og du ser rett i eit skianlegg. Sjå ut det andre, og du ser flotte turområde både sommar- og vinterstid.

Hotellet har 112 rom med til saman 375 senger. Alle romma held internasjonal standard – med fine fargetonar og lekre detaljar. Det er gode konferansefasilitetar, to leikerom, to barar og tre restaurantar. Maten smakar som landskapet, vilt og reint – med innslag av friske overraskingar!

Les meir om Myrkdalen Hotel og Myrkdalen Fjellandsby her